Laurdag 24. januar 2026

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Kvelden for å heidre Sunnfjordingar!

Vi legg janteloven og “den trauste sunnfjordingen” igjen heime og viser stolt fram eit knippe av bautane i Sunnfjord.

Program - Sunnfjordsalen:

18:30 - Dørene opnar

19:15 - Sunnfjordgalla - del 1

20:00 - 2-retters middag:

Hovudrett: -ytrefilet av storfe, småpotet, sopp,løk og spinat, krema peppersaus
Dessert: -sjokolademousse, krydra sjokoladebark, tindvedgele

21:00 - Sunnfjordgalla - del 2

På scena:

Knut Skeie Solberg

Foto: Thomas Andersen/TV 2 @impulsmedia.no

Olivia Gnananantham Husabø

Slåtten skulemusikk

Buldre mannskor

Get UP!

- og mykje meir!

Prisutdeling

〰️

Prisutdeling 〰️

  • Årets namn - i samarbeid med Firda

  • Årets generalkonsul

  • Årets idrettsprestasjon

  • Årets grendalag

  • Årets kremmar

  • Årets lærling

  • Årets bonde

  • Årets tilflyttar

Under Sunnfjordgallaen skal det delast ut og kårast fleire prisar, både nye og eksisterande, for å heidre Sunnfjordingar.

“Vi må tore å stikke oss fram og by på oss sjølve. Og vise omverda at vi er ambisiøse og dyktige. For det er vi. Det er ikkje tilfeldig at så mange sunnfjordingar slår seg opp og fram i media og politikk.” - Børge Dvergsdal

Årets namn - finalistar

Desse seks er i finalen i kåringa av Årets namn: Stian Grimseth, Torunn Rivedal, Roy Håvard Løseth, Cathrine Ekehaug, Anja Lena Selstad og dugnadgjengen på Langelangd Ski- og fritidssenter, her ved Kjetil Bjørset.

Foto: Roy Sunde / Firda

“Vi treng ei kåring av, og hylling av, sunnfjordingar som representerer Sunnfjord på ein framifrå måte.”

Børge Dvergsdal, ein av 22.331 omdømegeneralar for Sunnfjord.
Foto: Firda

I samarbeid med: